I ei ny undersøking gjort for Klassekampen svarer 49 prosent at dei vil kutte i formuesskatten eller fjerne han heilt.
Blant Arbeidarpartiets veljarar er biletet eit anna: 69 prosent av Ap-veljarane ønskjer å behalde eller auke formuesskatten, medan 21 prosent meiner han bør kuttast eller fjernast.
– Det er verdt å merkje seg at eit fleirtal vil behalde formuesskatten. Arbeidarpartiet meiner formuesskatten er viktig for å sikre rettferdig fordeling, skriv statssekretær Ellen Reitan (Ap) i Finansdepartementet i ein kommentar til avisa.
Skattekommisjonen opnar for kutt i formuesskatten med inntil 20 milliardar kroner. Rapporten frå kommisjonen er på høyring til 24. september, før regjeringa legg fram ei stortingsmelding med forslag til endringar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108352](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/A5pH2ME0Cm0.jpg)



0 kommentarer