Trump stadfestar hemmeleg flybyte etter Nato-møte

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP-Ritzau): Donald Trump stadfestar at han av tryggingsomsyn forlét presidentflyet Air Force One og tok eit anna fly frå Tyrkia etter Nato-toppmøtet.

Den amerikanske presidenten seier han retta seg etter Secret Service og ønsket til militæret om å få han over på eit anna fly, melder nyheitsbyrået AP. Flybytet, som vart omtalt i amerikanske medium tidlegare denne veka, skjedde fordi det var mistanke om ein iransk trussel mot Trump.

Medan Trump forlét Tyrkia i eit militært fly, tok presidentflyet Air Force One av i det som i praksis vart ein avleiingsmanøver.

Måndag skreiv Washington Post at presidenten gøymde seg i ei cateringsvogn då han vart smugla ut av presidentflyet. Det kvite hus har verken stadfesta eller avvist dette.

Under ein stopp i Storbritannia sneik Trump seg tilbake på det gamle presidentflyet, før han heilt ope forlét det og heldt fram heimreisa på det nyare flyet han har fått i gåve frå Qatar.

(©NPK)