Jordskjelvet i Colombia: EU gir 2 millionar euro i nødhjelp

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Reuters): EU lovar å støtte redningsarbeidet i Colombia på alle moglege måtar. No stiller dei med fleire millionar i støtte til det jordskjelvramma landet.

EU vil gi to millionar euro i nødhjelp til lokalsamfunn i Colombia som vart råka av jordskjelv denne veka, opplyste leiaren for EU-kommisjonen, Ursula von der Leyen, onsdag. Det svarer til rundt 21 millionar norske kroner.

– Medan søk- og redningsarbeidet går føre seg, støttar EU Colombia på alle moglege måtar. Vi stiller 2 millionar euro til rådvelde for å hjelpe lokalsamfunna i dei hardast ramma områda, skreiv von der Leyen på X.

Colombia vart måndag ramma av eit kraftig jordskjelv målt til 7,4 i styrke. 216 menneske er så langt stadfesta døde etter at styresmaktene nedjusterte eit tidlegare oppgitt tal på 240. Ein går ut frå at så mange som 3800 personar er sakna. Skjelvet har også ført til store skadar på infrastruktur, og til saman har over 160 bygningar kollapsa.

(©NPK)