Fleire tekne i fotoboks i år

av | 29. juli 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK-Fredrik Moen Gabrielsen): Norske bilistar har i år fått fotoboksbøter på over 206 millionar kroner. Talet på bøter har auka med 19 prosent frå i fjor. Ein fotoboks i Oslo toppar lista.

Det viser førebelse tal frå ATK-senteret til politiet frå første halvår i år.

Det har vorte skrive ut 48.331 fotoboksbøter, ein oppgang på 19 prosent frå same periode i fjor. Auken kjem av eit auka tal ATK-kontrollar med fleire køyretøy kontrollerte, opplyser senteret til NTB.

Auken av totalsummen på bøtene var på 19,5 prosent i same periode.

Det vart gjort beslag av 282 førarkort, noko som er ein marginal nedgang frå 289 i same periode i fjor.

Her blir flest tekne

Og i år – som i fjor – er det fotoboksen i Vålerengtunnelen i Oslo i retning Drammen som toppar lista. Der har det vorte skrive ut 5940 bøter på til saman 26,6 millionar kroner.

Deretter er det E18 Operatunnelen mot Trondheim i Oslo som tek nest flest. 3619 bøter er skrivne ut på til saman 16,6 millionar kroner.

Oslo har faktisk dei fem øvste plassane på lista før nummer seks på lista er E18 Hovet/Brattås i Porsgrunn. Her har 1411 bøter på til saman 7 millionar kroner vorte skrivne ut.

På sjuandeplass finn vi E6 Øyertunnelen i Innlandet, der det er skrive ut bøter for 5,3 millionar kroner fordelte på 1089 bøter.

– Effektivt tiltak

Det kjem stadig nye fotoboksar rundt om i landet kvart år. Boksane blir plasserte på stader der det ofte har skjedd ulykker, og der det over tid har vorte dokumentert altfor høg fart, seier politiinspektør og einingsleiar Vivi-Ann Haukås i Utrykkingspolitiet til NTB.

– Automatisk trafikkontroll gir store bøteinntekter til staten og sparer oss samtidig for store samfunnsøkonomiske kostnader som ei trafikkulykke medfører, opplyser ho.

– Fotoboks er eit effektivt fartsreduserande tiltak og eit godt supplement til dei manuelle trafikkontrollane som blir utførte av lokalt politi og Utrykkingspolitiet, legg ho til.

Fotoboksar reduserer talet på hardt skadde og drepne i trafikken med 30-50 prosent, viser tal frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

Fakta over kvar flest blir tekne i fotoboks rundt om i landet

Her er fotoboksane i dei tolv politidistrikta der flest får bot:

* Oslo politidistrikt: Riksveg 190 Vålerengtunnelen mot Drammen: 5940 bøter på til saman 26,6 millionar kroner

* Aust politidistrikt: Riksveg 4 Åneby mot Oslo: 668 bøter på til saman 2,8 millionar kroner

* Innlandet politidistrikt: E6 Øyertunnelen: 1089 bøter på til saman 5,3 millionar kroner

* Søraust politidistrikt: E18 Hoved/Brattås: 1411 bøter på til saman 7 millionar kroner

* Agder politidistrikt: E18 Baneheitunnelen nord: 557 bøter på til saman 2,5 millionar kroner

* Sørvest politidistrikt: Fylkesveg 325 Åsedalen ved Blidensol mot Sandnes: 230 bøter på til saman 838.600 kroner

* Vest politidistrikt: E16 Arnanipatunnelen retning aust: 618 bøter på til saman 2,7 millionar kroner

* Møre og Romsdal politidistrikt: E39 Tøndergård mot Molde sentrum: 113 bøter på til saman 452.000 kroner

* Trøndelag politidistrikt: E6 Omkøyringsvegen nordgåande i Trondheim: 580 bøter på til saman 2,4 millionar kroner

* Nordland politidistrikt: E6 Korgfjelltunnelen mot Mo i Rana: 48 bøter på til saman 244.000 kroner

* Troms politidistrikt: E6 Heggelia mot Narvik: 372 bøter på til saman 1,5 millionar kroner

* Finnmark politidistrikt: E6 Kronstad mot Kirkenes: 177 bøter på til saman 663.000 kroner

(Kjelde: Politiets ATK-senter)

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar