(NTB-AFP-NPK): Aksjekursane ved børsen i Seoul fall 11 prosent onsdag, eit framhald av tendensen frå dagen før.
Teknologiselskapa har i fleire veker vore pressa av utviklinga i Kina, der gründerar og innovasjon har skapt auka uvisse blant investorar om soliditeten i dei etablerte selskapa over tid.
Mange analytikarar meiner KI-bølgja er ei boble som ikkje kan vare.
Tendensen i Seoul dei siste dagane har særleg gått ut over brikkeprodusentar som SK Hynix og Samsung.
Kospi-indeksen fall med 11,4 prosent, medan SK Hynix svekte seg med 18 prosent og Samsung 12,5 prosent.
(©NPK)




0 kommentarer