Dette er den høgaste kroneavkastinga i eit halvår nokosinne og svarer til ei avkasting på 9,4 prosent.
– Resultatet er drive av god avkasting i aksjemarknaden, særleg frå asiatiske teknologiaksjar, seier leiaren i fondet Nicolai Tangen i ei pressemelding.
Kronekursen styrkte seg gjennom halvåret og bidrog til at verdien av fondet fall med 427 milliardar kroner. Samtidig vart det tilført 89 milliardar kroner til fondet, noko som gjorde at verdien av fondet auka med 1416 milliardar kroner i første halvår.
Fondet hadde ein verdi på 22.683 milliardar kroner ved utgangen av juni. Det er fordelt på 72,1 prosent aksjar, 25,8 prosent rentepapir, 1,6 prosent i unotert eigedom og 0,5 prosent i unotert infrastruktur for fornybar energi.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108343](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/9SIM3-riC0o-1.jpg)



0 kommentarer