Noreg leier globalt forskingsprosjekt om polområda

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Universitetet i Tromsø skal leie sekretariatet for det femte internasjonale polaråret (IPY-5). Dermed skal global forsking i polområda koordinerast frå Noreg.

Det kunngjorde statsminister Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse onsdag.

Universitetet i Tromsø (UiT) skal leie sekretariatet, som består av fire kunnskapsinstitusjonar frå Sør-Korea, Chile og Noreg. Desse skal saman koordinere global forsking knytt til polarområda i ein tiårsperiode før, under og etter polaråret i 2032–33, opplyser UiT i ei pressemelding.

Arbeidet startar opp allereie til vinteren.

– Noreg har gjennom mange tiår bygd opp sterke fagmiljø og internasjonalt samarbeid innan polarforsking. Med den kompetansen vi har samla i Tromsø og elles i landet, meiner vi å vere godt rusta til å ta eit ansvar i koordineringa av det neste internasjonale polaråret, seier rektor Dag Rune Olsen ved UiT.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar