Den amerikanske skodespelaren, fotomodellen og songaren døydde av ein overdose i Los Angeles i august 1962, berre 36 år gammal. Ho fekk på 1950-talet rolla som sexsymbol etter å ha spelt «dum blondine» i fleire komediar, men ho fekk også anerkjenning for rolletolkingane sine i langt meir alvorlege filmar.
No har Mattel laga ei ny såkalla signaturdokke som skal førestille den ikoniske stjerna. Dokka er «ein hyllest til ei kvinne som ikkje berre var Hollywoods mest glamorøse stjerne, men også ein av bransjens første kvinnelege gründerar», skriv selskapet i ei pressemelding tysdag.
Dokka er den siste av ei rekkje barbiedokker som er inspirerte av Marilyn Monroe.
Signaturserien består av fleire andre dokker som førestiller ulike kjendisar, blant dei David Bowie, Kylie Minogue og Diana Ross.
Tidlegare i august lanserte Mattel ei barbiedokke som skal førestille Whitney Houston, slik ho verka i musikkvideoen til hitten «I Wanna Dance With Somebody».
Houston, som er ein av dei mestseljande artistane i pophistoria, døydde i februar 2012, 49 år gammal.
Trass i auka sal gjekk amerikanske Mattel med underskot i andre kvartal. Det dårlege resultatet blir knytt til auka utgifter til marknadsføring, sal og administrasjon, inflasjon og nye og høgare tollsatsar. Underskotet lydde på 18,2 millionar dollar. I same periode i fjor gjekk selskapet med eit overskot på 53,4 millionar dollar.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110257](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/8M7By30udZM.jpg)



0 kommentarer