Eivind Trædal utfordrar stjerneskot – vil bli MDGs toppkandidat i Oslo

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): MDG-veteran Eivind Trædal kastar seg inn i kampen om førsteplassen på nominasjonslista til partiet for Oslo til lokalvalet neste år, skriv Aftenposten.

Nominasjonskomiteen har einstemmig innstilt fylkesleiar Margit Martinsen Bye (24) som toppkandidat, med Trædal på tredjeplass. Sistnemnde meiner likevel han stiller sterkt med den tunge erfaringa frå politikken i hovudstaden.

– Det handlar litt om elleve års erfaring frå bystyret, og eg har ei evne eg trur vi treng til å bryte lydmuren, seier Trædal til Aftenposten.

40-åringen understrekar at han har eit godt forhold til Martinsen Bye, og at benkeframlegget ikkje hindrar eit vidare samarbeid i toppsjiktet.

– Det er absolutt ikkje ei mistillitserklæring. Det er heller ei sjølvtillitserklæring frå mi side, seier han.

Dersom Trædal vinn førstekandidaturet på nominasjonsmøtet, håpar han Martinsen Bye vil ta den ledige plasseringa i topp tre. Han legg til at han vil vere motivert for å sitje i leiartrioen sjølv om benkeframlegget ikkje skulle nå opp.

(©NPK)