Svenske fangar stansa av Estland

av | 18. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-TT): Det første flyet med svenske fangar landa tysdag i Estland, der dei skal sone i eit fengsel i byen Tartu, men over halvparten av dei vart avviste.

Sverige og Estland har tidlegare inngått ein avtale om å overføre fangar til Estland for å minske presset på svenske fengsel.

Ifølgje avisa Expressen meiner estiske styresmakter at profilen til fangane ikkje stemmer med det dei to landa har vorte samde om.

– Desse menneska kjem ikkje til å komme til Estland, seier den estiske justisministeren Liisa Pakosta. Ho reagerer på Sveriges val av fangar.

Estland har tidlegare gjort det klart at dei ikkje vil ta imot fangar som er dømde for gjengkriminalitet eller grov vald.

Fangeoverføringa har skapt debatt både i Sverige og Estland. I Estland er skepsisen stor til å ta imot kriminelle frå eit anna land.

(©NPK)