Regjeringspartia Moderaterna, Liberalerna og Kristdemokraterna – med støtte frå Sverigedemokraterna – ligg an til å få 43,9 prosent av stemmene ifølgje SVTs siste måling utført av Verian.
Opposisjonspartia Socialdemokraterna, Miljöpartiet de gröna, Centerpartiet og Vänsterpartiet landar på 53,9 prosent til saman.
– Målingar er målingar, og det er valdagen som tel. I førre val låg vi under i alle målingar, også på valdagen, men vi vann, seier Sveriges statsminister Ulf Kristersson til TT.
– Det vil gå opp og ned. Vi er rutinerte, legg han til.
Professor i statsvitskap ved Göteborgs universitet, Henrik Ekengren Oscarsson, tonar ned betydninga av den siste undersøkinga.
– Is i magen er det som gjeld. Det vil komme ei rekkje målingar fram til valet, og det er først når vi har fleire, at det er mogleg å seie noko, seier Oscarsson.
Ifølgje han er det ofte stille på meiningsmålingane om sommaren, og at det har vore lite endringar sidan juni, er som venta.
– Mange veljarar merkar nok at det nærmar seg no når dei digitale valkorta kjem, og dei som ikkje følgjer politikken heile tida, ønskjer no å setje seg inn i den.
Det svenske riksdagsvalet skjer 13. september.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110244](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/Munu0NUnqYw.jpg)



0 kommentarer