Det går fram av ei melding på nettsidene til det amerikanske finansdepartementet. Også Abdoulaye Seye, ein jurist frå Senegal som har ei leiande stilling i ICC-aktoratet, blir ramma av amerikanske sanksjonar. Han er også ein av fleire kandidatar som kjempar om ein plass i ICCs dommarpanel i perioden 2027-2036.
Frå før av har Trump-administrasjonen innført sanksjonar mot ni av dommarane i domstolen, og dessutan tidlegare leiar for aktoratet til domstolen, Karim Khan.
For få veker sidan melde det amerikanske utanriksdepartementet at dei systematisk vil svekkje domstolen og hindre at han straffeforfølgjer amerikanarar. Utanriksminister Marco Rubio har kalla den Haag-baserte domstolen for ein trussel mot USAs suverenitet.
Verdssamfunnet etablerte ICC i 2002 for å sikre straffeforfølging av personar og land som blir skulda for krigsbrotsverk, folkemord og brotsverk mot menneskeslekta. USA er ikkje medlem av domstolen.
Sanksjonane inneber at personane som blir utsette for dei, ikkje lenger får tilgang til det amerikanske finanssystemet, som speler ei sentral rolle i pengetransaksjonar. Dei får også frose verdiar dei måtte ha plassert i USA.
I juni saksøkte ICC president Donald Trump og administrasjonen hans som følgje av sanksjonane.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110292](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/C4dlzDJEhAE.jpg)


0 kommentarer