Selskapa har vedteke å kombinere kompetanse, data, teknologi og leitekapasitet for å utforske utvalde leitemoglegheiter med stort potensial, kjem det frami ei pressemelding frå Vår Energi.
Dei neste fire til fem åra planlegg selskapa å modne og teste ein portefølje på om lag 20–25 leitemoglegheiter, med ein ambisjon om å bore rundt fem leitebrønnar med stort potensial årleg.
Nye, store funn kan bidra til framtidige energileveransar og verdiskaping, og samtidig halde oppe aktivitet og kompetanse i norsk leverandørindustri.
Nick Walker, konsernsjef i Vår Energi, seier at norsk sokkel framleis er svært attraktiv.
– Leiting er ein hjørnestein i Vår Energis vekststrategi og viktig for langsiktig verdiskaping. Dette samarbeidet er eit viktig steg for den vidare utforskinga av leitemoglegheiter med stort potensial på norsk sokkel.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112097](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/5yYN5c4oJfM.jpg)



0 kommentarer