Ein mann i 80-åra vart måndag angripen av ei kvige i Ål. Han døydde av skadane.
Dei pårørande var på staden då nødetatane kom. Det vart først meldt at mannen verka alvorleg skadd, før han kort tid etter vart meld død.
– Det vart gjort forsøk på gjenoppliving av pasienten. Livet hans stod dessverre ikkje til å redda, og han vart erklært død på staden, opplyser operasjonsleiar Per Magne Eftang i Søraust politidistrikt i politiloggen.
Politiet undersøkjer saka. Hendingsgangen er førebels uavklart. Politiet veit ikkje om avdøde var åleine då hendinga fann stad.
Politiet melde om hendinga klokka 12.43 måndag.
(©NPK)



0 kommentarer