Mann i 80-åra døydde etter okseangrep i Ål

av | 24. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB) Politi og ambulanse rykte ut til melding om ein mann i 80-åra som vart angripen av ein okse i Ål. Mannen døydde av skadane.

Dei pårørande var på staden då nødetatane kom. Det vart først meldt at mannen var alvorleg skadd.

– Det vart gjort forsøk på gjenoppliving av pasient. Livet hans stod dessverre ikkje til å redde, og han vart erklært død på staden, opplyser operasjonsleiar Per Magne Eftang i politiloggen.

Politiet undersøkjer saka. Hendingsgangen er førebels uavklart.

(©NPK)