Kidnappa urfolksleiar funnen drepen i Venezuela

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Ein urfolksleiar som vart kidnappa av colombianske gerilja-grupper tidlegare i august, er funnen drepen i Venezuela.

Det melder menneskerettsorganisasjonen Provea.

– Drapet på urfolksleiaren for Jivi Ekunay-folket, Julio Rodriguez – som var offer for kidnapping i åtte dagar etter å ha vorte bortført av påståtte medlemmer av Farc-dissidentgrupper – er stadfesta, seier organisasjonen.

Rodriguez vart kidnappa frå ein gruveby sør i Venezuela.

Farc var Colombias eldste, største og mest militante geriljaorganisasjon før han vart lagd ned i 2017. Nokre nekta likevel å leggje ned våpena, og desse blir kalla dissidentar.

Ifølgje Proveas oversikt har minst 48 urfolk frå ulike stammar vorte drepne sidan 2010 av agentar frå tryggingsstyrkane og ikkje-statlege aktørar, blant dei Farc-dissidentgrupper.

No ønskjer organisasjonen etterforsking og raske sanksjonar for dei ansvarlege.

(©NPK)