Tre pakistanarar drepne i angrep i Raudehavet

av | 12. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AFP): Tre pakistanske statsborgarar vart drepne under eit houthi-angrep mot eit skip i Raudehavet, melder det pakistanske utanriksdepartementet.

Utanriksminister Ishaq Dar seier på X onsdag at tre pakistanarar vart drepne og éin alvorleg såra. Det ligg ingen fleire opplysningar om hendinga føre.

Hendinga skal ha skjedd dagen etter at kystvakta i Jemen opplyste at seks personar vart drepne i eit angrep mot eit skip utanfor kysten i Adenbukta.

Pakistanske styresmakter opplyser at utanriksministeren er i Teheran for å drøfte utviklinga i regionen.

Den meir offensive verksemda til houthiane den siste tida er nøye knytt til utviklinga i krigen i Iran og Israels krigføring i Gaza og Sør-Libanon.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar