Eit barn og ein vaksen vart drepne i eit luftangrep mot eit telt i Mawasi-området vest for Khan Younis, opplyser Al-Aqsa-sjukehuset til det palestinske nyheitsbyrået Wafa.
Eitt barn vart også drepe i eit rakettangrep mot ei bustadblokk i Bureij sentralt på Gazastripa. Seks andre vart såra i angrepet, opplyser sjukehuskjelder.
Minst seks palestinarar vart også såra i eit israelsk flyangrep mot ei bustadblokk i Rimal-nabolaget i Gaza by, opplyser kjeldene.
Minst 73.335 palestinarar er drepne og over 174.000 er såra i israelske angrep på Gazastripa sidan oktober 2023.
I oktober i fjor inngjekk Israel og Hamas våpenkvile, men dei israelske angrepa har halde fram og nærare 1200 er drepne sidan våpenkvila tredde i kraft.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #104285](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/07/UWxWS4CSslY.jpg)



0 kommentarer