Med 69 millimeter nedbør vart det rekordnotering for vestlendingane så langt i år.
Det er likevel eit stykke bak Kongsmarka i Nordland som står med årsrekorden på 109,2 millimeter frå 21. mars.
Likevel har bergensarane mykje grunn til å klage. Sommaren i vest har vore alt anna enn solrik.
– Det ser ut som at det har regna kontinuerleg sidan 23. juli, eigentleg. Det var ein periode med fint vêr fram til midten av juli, men sidan har det ikkje slutta å regne, seier vakthavande meteorolog Charalampos Sarchosidis ved Meteorologisk institutt til NTB.
Få lyspunkt
– Folk er nok lei, kan eg tenkje meg. Særleg om dei ser på prognosen, for der er det ikkje mange lyspunkt heller, seier han.
– Kanskje det blir eit avbrekk på tysdag. Men utanom det skal det halde fram med å regne ei god stund til, men heldigvis ikkje så mykje som i dag, seier han.
Sarchosidis har ei oppmoding til dei som saknar sol og varme:
– Ein må ta alle dei timane med sol som ein kan finne. Eit håp er at veka etter kommande veke kan gi meir sol og mindre regn. Eg kan seie at ein får halde ut litt til, om eg skal vere optimist.
Fleire ras
Nedbørsmengdene søndag bidrog til problem i Noregs nest største by.
Fire bustader vart evakuerte i Fana etter ras i eit bustadstrøk. Også i Mjølkeråen og i nabokommunen Alver har det gått ras.
Allereie i 14-tida søndag melde brannvesenet i Bergen at dei hadde hatt 25 oppdrag, skriv Bergens Tidende.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107515](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/gbHhk72UYpo.jpg)



0 kommentarer