Justert for sesongvariasjonar sokk bustadprisane med 1,1 prosent, viser ferske tal frå Eiendom Norge.
– Det er normalt svak bustadprisutvikling i juli, men dette er svakare enn vi venta, seier administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.
Berre Fredrikstad, Sarpsborg, Ålesund og Tromsø opplevde vekst i juli, viser bustadprisstatistikken.
Negativ prisutvikling
Så langt i år har bustadprisane stige med 2,8 prosent.
– Den svake utviklinga gjer at fleire område på Austlandet no opplever negativ prisutvikling. I Oslo har til dømes bustadprisane falle 0,8 prosent så langt i 2026, seier Lauridsen.
– Med normalt konjunkturforløp betyr dette at bustadprisutviklinga i Oslo truleg vil ende fleire prosent ned i år. Blir renta sett opp ein gong til, som Noregs Bank har antyda, kan utviklinga bli endå svakare.
Prisane stig mest i Ålesund og Tromsø
Så langt i år har bustadprisane stige mest i Ålesund-området og i Tromsø, med ein oppgang på høvesvis 10,9 og 9,7 prosent. Tønsberg har hatt den svakaste prisutviklinga så langt i 2026, med berre 1,6 prosent.
– Vi ventar at dei store forskjellane i bustadprisutviklinga rundt i landet vil halde fram gjennom hausten samtidig som at omsetningsvolumet vil halde fram med å vere høgt. Det er eit stort behov for bustader i Noreg. Det er mellom anna den sterke veksten i leigeprisane eit bevis på, seier Lauridsen.
– Likevel er det ubalansar i bustadmarknaden no mellom ein velfungerande marknad for brukte bustader, ein nybustadmarknad med broten rygg og ein sterkt pressa leigemarknad. Vi treng betre balanse mellom dei ulike marknadene, og det må også Noregs Bank ta omsyn til når dei set renta. På lang sikt vil høg rente skape endå større ubalansar, seier han.
SSB ventar ny renteoppgang
Noregs Bank heldt styringsrenta uendra på 4,25 prosent i juni. Statistisk sentralbyrå (SSB) ventar i prognosane sine ei renteheving i haust. Dei anslår at ho ikkje vil gå ned før i midten av 2027.
I mars endra Noregs Bank rentebanen som dei la fram i fjor, etter å ha kutta renta to gonger frå 4,5 til 4 prosent.
Då såg sentralbanken for seg fleire kutt i år, men no ligg det an til at renta heller går opp.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106208](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/bT0ytvNUgfk.jpg)



0 kommentarer