(NPK-NTB): Elevorganisasjonen har inngått eit samarbeid med Studentkortet og sikrar dermed rabattordningar for elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring, skriv Utdanningsnytt.
– Det er ikkje nokon openberr grunn til at ein rabatt skal vere relevant for ein student på 19, men ikkje ein elev på 18, seier leiaren i Elevorganisasjonen, Zaid Norzai Ahmmad, til nettstaden Utdanningsnytt.
Ordninga gjeld for elevar og lærlingar som har fylt 18 år. Rundt 150.000 av Elevorganisasjonens medlemmer vil dermed omfattast av ordninga.
Til nettstaden seier Joachim Gjesdal i Studentkortet at dei ikkje ser nokon grunn til at elevar i vidaregåande opplæring ikkje skal ha tilgang til dei same rabattane som studentar.
– Vi er eit kommersielt selskap, men det er gratis å vere medlem. Det er rabattar, og det kostar ingenting. Og jo fleire medlemmer vi har, desto betre rabattar kan vi få til, seier Gjesdal.
(©NPK)




0 kommentarer