UD etter USA-møte: Må innføre forbod mot tvangsarbeid for å få ned tollsatsen

av | 19. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Noreg må innføre eit forbod mot tvangsarbeid for at USA skal setje ned tollen. Det er beskjeden frå amerikanske styresmakter, men UD er likevel godt fornøgd med møtet.

– Det var eit godt og substansielt møte. Vi gjorde greie for at vi er usamde i denne tollen, at satsen er for høg, og at det er feil å forskjellsbehandle oss og EU, seier statssekretær Andreas Kravik (Ap) i Utanriksdepartementet til NTB onsdag kveld.

Kort tid i førevegen hadde han møtt USAs handelsdepartement og visehandelsrepresentant Jeff Goettman i Washington D.C.

USA innførte 24. juli ein ny tilleggstoll på 12,5 prosent på ei rekkje norske varer. Grunngjevinga er at Noreg ikkje har innført og handheva eit tilstrekkeleg importforbod mot varer produserte med tvangsarbeid. Norske styresmakter reagerer spesielt på at Noreg har fått høgare toll enn EU, som fekk 10 prosent.

– Amerikanarane er tydelege på at det ikkje held at eit forbod er på veg. Det må vere vedteke og i kraft, seier Kravik.

Sidan forbodet byggjer på eit EU-regelverk via EØS-avtalen, trer det først i kraft mot slutten av 2027.

– Det er nok litt vanskeleg for USA å forhalde seg til EØS-systemet, som for dei er uklart. Eg trur likevel dei skjønte at det er vanskeleg å gi Noreg dårlegare vilkår enn EU når vi følgjer akkurat same tidslinje.

USA undersøkjer også påstått overkapasitet i industrien i 15 land, blant dei Noreg. Dei første svara frå denne granskinga kjem om nokre veker, ifølgje Kravik.

Om nokre veker skal partane møtast igjen.

– Eg opplever at vi er inne i eit godt spor. Amerikanarane noterte seg argumenta våre. No må vi få forbodet på plass så raskt som mogleg, slik at tollen kan setjast ned.

(©NPK)