– Etter vår vurdering er den omsøkte verksemda akseptabel sett i lys av formåla og retningslinjene til forureiningslova, skriv Miljødirektoratet i si vurdering.
Gruveselskapet Nordic Mining har søkt om eit mellombels løyve til å halde fram med å tømme gruveavfall i Førdefjorden. Det opphavlege løyvet vart kjent ugyldig av Høgsterett etter ein lang søksmålsprosess frå fleire miljøorganisasjonar mot staten.
Dermed må regjeringa no gjere ei ny vurdering av løyva. Søknaden om mellombels løyve i mellomtida har vore på høyring hos Miljødirektoratet, og uttalen frå direktoratet kjem i etterkant av den høyringsrunden.
Direktoratet meiner at tre nye år med dumping av gruveavfall ikkje vil føre til ei svekking av den økologiske tilstanden i Førdefjorden.
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) sa i etterkant av høgsterettsdommen at det ikkje var rimeleg å påleggje gruveselskapet å stanse drifta i påvente av mellombels utsleppsløyve.
– I den korte perioden som vil gå medan ein vurderer eit mellombels løyve, vil ikkje deponeringa påverke miljøtilstanden i Førdefjorden, sa Eriksen i slutten av juni.
Han sa i juni at ein stans kan skape uvisse for arbeidsplassar og svekkje tilgangen på eit kritisk råstoff.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110648](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/Ex6kgnAKPZM.jpg)



0 kommentarer