– I ei meir spent verd er det avgjerande at vi tek grep som varetek nasjonale tryggingsinteresser. Bussar er viktige for kvardagsreisene våre, men også for sivile og militære behov i kriser og krig, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.
Han understrekar at det er viktig at Noreg ikkje blir for avhengig av éin leverandør eller eitt land i busstransporten.
Blant tiltaka som blir foreslåtte, er eit nytt unntak frå nullutsleppskravet ved offentlege bussanskaffingar der det må til for å vareta omsynet til tryggleik og beredskap.
Det blir også foreslått ein rettleiar til fylkeskommunane og andre offentlege innkjøparar om tryggingsomsyn i bussanskaffingar.
– Regjeringa er opptekne av at vi skal ha ein motstandsdyktig transportsektor som bidreg til Noregs samla forsvarsevne, seier Nygård.
Høyringa har frist 19. november 2026.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #110603](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/56sWJ_0rT7o.jpg)



0 kommentarer