(NPK-NTB): Kjersti Annesdatter Skomsvold fekk tysdag Oktoberprisen, som blir gitt til «et yngre, betydelig forfatterskap som har utvist et særlig litterært mot».
– Eg kjende då eg fekk vita det, at det betydde skikkeleg mykje. Det handlar om at ein kjenner seg sett, seier Skomsvold til NTB.
Ho starta forfattarkarrieren med å få den høgthengande Tarjei Vesaas’ debutantpris, som blir delt ut av Forfatterforeningen, for romanen «Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg».
– Då var eg ganske ny i litteraturverda og så stressa at eg ikkje klarte å ta det heilt inn, medgir ho i dag – men legg til:
– Seinare har prisen følgt meg og komme til å bety meir og meir. Du kan få god kritikk undervegs, men forfattarar er ofte best på å hugsa dei dårlege. Men slike prisar blir ikkje borte.
Ikkje sjølvsagt
I dag seier ho at det å få anerkjenning i form av ein pris «veg veldig tungt», og at ho kjenner seg nesten meir audmjuk og glad no – når ho har halde på nokre år – enn då ho vart prisa for den første boka.
– Då såg eg kanskje ikkje den store samanhengen. Det er mange som jobbar hardt og skriv så bra, at det å bli sett midt oppe i dette ikkje er sjølvsagt.
Oktoberprisen, som er på 150.000 kroner, får Kjersti Annesdatter Skomsvold (f. 1979) medan ho er i gang med andre bindet av romanprosjektet sitt om formødrene.
Første bindet kom i fjor ut under tittelen «Hun er levende. Elises bok». Der tok ho for seg oldemora, som måtte gifta seg ung, fekk tolv barn, gravla fem av dei og vart hugsa i familien som «fæl». No er ho i gang med å skriva om endå ei oldemor, Anna, planlagd til hausten 2027.
Gav eit løft
– At eg får prisen når eg er i dette prosjektet, kjennest som ei stadfesting frå forlaget på at dei har trua på det eg held på med. Det gav meg eit løft inn i arbeidet med den neste boka.
Ideen til formødreprosjektet kom då besteforeldra døydde og ho innsåg kor lite hennar eigne barn visste om dei.
– Eg innsåg kor fort ein blir gløymd. Kva har desse korte liva våre på jorda betydd? Det handlar om ei sorg over det som blir borte, men også om korleis vi kan ha ei førestilling om at det i gamle dagar berre var trist og fælt. Men kanskje var dei ikkje så ulike frå oss, og vi deler uansett nokre grunnvilkår.
Ho valde å skriva i romanform, noko ho forklarer slik:
– Eg er ikkje så glad i å la researchen ta over når eg skriv, eg vil helst vera inne i skrivinga, og eg vart raskt lei av å lesa i kyrkjebøker. Det er viktigare for meg å skapa ei sanning; at eg tenkjer meg fram til eit menneske som har levd, og trur på det.
Samtalebok
Kjersti Annesdatter Skomsvold har også ute ei ny bok i år, som stod på vårlista til Oktober med tittelen «Jeg skriver for å bli et menneske. Samtaler om litteratur».
Det er personlege essays og dessutan samtalar med ti forfattarkollegaer i spennet frå Han Kang til Dag Solstad som hamna mellom to permar.
– Eg blir aldri lei av å høyra korleis andre forfattarar tenkjer og jobbar. Sara Stridsberg berre skriv og skriv, og så vel ho og forlagsredaktøren ut kanskje 200 sider av 1000 som blir romanen. Rachel Cusk tenkjer til ho er klar, og då set ho seg ned og skriv – som ein skodespelar på ei scene, «ready to perform».
– Det å skriva ein roman er eit mysterium for meg kvar gong, seier ho.
– Å høyra andre forfattarar fortelja om skriveprosessen sin er så nyttig, og det hjelper meg veldig i skrivinga.
(©NPK)




0 kommentarer