Det er åtte av kostyma til Queen-vokalisten som blir å sjå på Victoria and Albert Museum i samband med at Mercury ville fylt 80 år i år, skriv The Guardian.
London-farande kan merkja seg at utstillinga opnar 24. oktober og varer til 17. januar. Utstillinga er skapt i samarbeid med den tidlegare kjærasten til Mercury, som heldt fram med å vere den nære vennen hans livet ut, Mary Austin. Ho låner ut sju av sceneantrekka.
Blant dei finst krona og kappa som Freddie Mercury nytta på den siste turneen til Queen i 1986, catsuiten han brukte i musikkvideoen til «Bohemian Rhapsody» og kleda han var iført på omslaget til det sjølvtitulerte debutalbumet til bandet i 1973.
Freddie Mercury døydde 24. november 1991, berre 45 år gammal.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #112467](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/YkZMEhpEpWM.jpg)



0 kommentarer