Listhaug ville ikkje svare på ultimatum om formuesskatt

av | 14. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK): Frp-leiar Sylvi Listhaug nektar å bli med i eit skatteforlik utan kraftige skattekutt. Men på spørsmål om heile formuesskatten må bort, svarte ho unnvikande.

– Vi sa det frå første stund at ein skattekommisjon var bortkasta tid. Det er på Stortinget vi er nøydde til å forhandle om skatt, sa Listhaug på partileiardebatten i Arendal torsdag kveld.

Framstegspartiet vil ha kutt i skattar og avgifter på 50–60 milliardar kroner. Mellom anna vil partiet fjerne den omdiskuterte formuesskatten.

Men då Listhaug vart spurd av programleiaren i NRK, Mats Rønning, om ho kan inngå eit kompromiss om at delar av den blir behaldne, gav ho ikkje han eit klart svar.

– Vi skal setje oss ved bordet, men det eg kan seie klart og tydeleg, er at vi aldri kjem til å bli med i eit skatteforlik utan at det inneber kraftige skatte- og avgiftsreduksjonar.

– Så delar av formuesskatten kan behaldast?

– Vi skal setje oss ned og gå gjennom diskusjonar. Den prinsipielle haldninga vår er at formuesskatten må bort.

– Det er ikkje eit ultimatum for deg at heile formuesskatten skal bort for at du skal setje namnetrekket ditt under eit nytt skatteforlik?

– Vi ønskjer å få bort formuesskatten. Vi skal vere konstruktive og setje oss ved bordet og forhandle. Men utan at det blir kraftige skatte- og avgiftsreduksjonar, blir Frp aldri med på eit skatteforlik.

(©NPK)