Krohn Devold byrja som administrerande direktør i NHO Reiseliv i november 2013. Ho kom då frå stillinga som generalsekretær i Den Norske Turistforening. Ho var også forsvarsminister i Kjell Magne Bondeviks andre regjering frå 2001 til 2005, og vart valt inn på Stortinget for Høgre allereie i 1993.
– Etter 40 år som heiltidstilsett ønskjer eg meg ein meir fleksibel kvardag. Eg kjem til å halde fram med dei offentlege verva og styreverva mine, og eg gler meg til å følgje norsk reiseliv frå sidelinja, seier Krohn Devold i ei pressemelding.
Kristin Krohn Devold har siste arbeidsdag i NHO Reiseliv 31. august. Direktør for arbeidslivspolitikk, Magne Kristensen, vil fungere i rolla til ny direktør er på plass.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #107631](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/9S5TXqORato.jpg)



0 kommentarer