Kunnskapsministeren om situasjonen i skulen: – Det er alvor no

av | 11. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-Are Føli): – Den nedovergåande utviklinga vi har sett det siste tiåret, kan ikkje halde fram, sa kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun då ho fekk ein ny rapport om situasjonen i norsk skule.

– Det er alvor no, la ho til under presentasjonen av rapporten under Arendalsveka tysdag.

Arbeidet med rapporten har vore leidd av Bjørn Haugstad, tidlegare statssekretær for Høgre.

– Grunnleggjande ferdigheiter som lesing og rekning går feil veg, sa han då han gjekk gjennom konklusjonane.

Han oppsummerte den viktigaste bodskapen i rapporten slik:

– Fellesskulen er ein berebjelke i det norske samfunnet, og han står i fare for å breste av overbelastning.

– Gjennomgangen vår stadfestar at situasjonen er alvorleg og truleg ikkje i ferd med å bli betre, la han til.

Haugstad åtvara om at konsentrasjonen og evna elevane har til sjølvregulering blir undergraven av utviklinga i samfunnet.

Blant årsakene er ifølgje han effektane av kunstig intelligens (KI) og språkmodellar. Han peika også på ukritisk bruk av digitale læringsressursar i skulen, på kostnad av lærebøker.

(©NPK)