Før sommaren frykta hotellbransjen sviktande bookingtal, men juli enda opp med å overgå forventningane.
– Sommaren i fjor var veldig god, så ein liten auke frå fjoråret skal vi vere svært fornøgde med, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv i ei pressemelding.
Tala kjem frå Benchmarking Alliance, som Wiederstrøm Hotel Consulting har teke ut i samarbeid med NHO Reiseliv.
Dei regionale forskjellane er likevel store.
– Store marknader som Oslo og Gardermoen fører an i veksten, medan vi ser ein del raude tal i Nord-Noreg. Mellom anna er rombelegget ned nær 8 prosent i Lofoten og rundt 2 prosent i Bodø og Tromsø. Det har vore mykje dårleg vêr i Nord-Noreg, og det kan vere ein del av forklaringa, seier hotellrådgivar Peter Wiederstrøm.
Rombelegg vil seie kor stor del av hotellromma som er opptekne i ein bestemt periode.
I Oslo er belegget opp 4 prosent, medan det i Bergen er tilnærma uendra samanlikna med fjoråret. I Trondheim og Stavanger er rombelegget ned høvesvis 1,7 og 1,3 prosent.
Både mengd selde rom, rombelegg og romprisar ligg no på historisk høge nivå på landsbasis, og prisane stig meir enn den generelle prisveksten, ifølgje Wiederstrøm.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106003](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/juw51m9Zn9E.jpg)



0 kommentarer