– Ein forfattar som gjennom heile virket sitt har oppheva grensene mellom det verkelege og det fantastiske, seier juryen om prisvinnaren. Som forfattar bruker Øyehaug språket til «å stokke om på det vi kjenner», sa jurymedlem Carline Tromp i pristalen.
– Prisvinnaren i år tør å gjera slikt, fordi ho trur på litteraturen, sa Tromp, som peika på at Øyehaug også «gjer eit stort arbeid med å opne og spreia han gjennom essay om kunstnarar og forfattarar og i verk som leikar med litteraturhistoria».
– Menneska som folkeset dei særeigne universa hennar, balar med dei spørsmåla vi alle må bala med: Er det nokon som ser meg? Er det nokon som elskar og forstår meg? Kan vi kjenna kvarandre, kan vi kjenna røyndommen – og kva om vi ikkje kan det?
Multiprisvinnar
Gunnhild Øyehaug (f. 1975) er vaksen opp i Ørsta og bur no i Bergen. Ho debuterte med diktsamlinga «Slaven av blåbæret» i 1998, medan den første romanen «Vente, blinke» kom i 2008 og inspirerte 2015-filmen «Kvinner i for store herreskjorter».
I 2026 er ho aktuell med boka «Elskarane mine», som blir gitt ut på Kolon forlag.
Øyehaug er Årets festspeldiktar i Bergen 2026 og har mellom anna teke imot Amalie Skram-prisen (2025), Nynorsk litteraturpris (2024 og 2008), O. Henry Prize for Short Fiction (2022), Prins Eugens Kulturpris (2010), Sultprisen og Doblougprisen (2009), Tanums kvinnestipend (2007) og Bjørnsonstipendet (2006).
No kan ho føya til Aschehougprisen, som har vore delt ut sidan 1973 – seinast i fjor til Karl Ove Knausgård. Prisen er ein ærespris, uavhengig av kva forlag forfattaren er tilknytt.
Lagnadsår
Prisen er på 100.000 kroner og ein kopi av fonteneskulpturen «Evig liv» av Ørnulf Bast. Originalen står i fontena på Sehesteds plass mellom forlagshusa Aschehoug og Gyldendal.
Aschehougprisen vart delt ut under den tradisjonelle hagefesten til forlaget – i det som er eit lagnadsår for forlaget. Forlaget har vore til sals i snart eit år, og i juli kom beskjeden om at salet er «utsett til etter sommaren», opplyste då styreleiar Thor Gjermund Eriksen til VG.
Inkludert i prospektet er ifølgje Dagens Næringsliv (DN) også dei tradisjonsrike eigedommane til forlaget, nemleg forlagshuset i Universitetsgata – og altså den prektige representasjonsvillaen på Drammensveien i Oslo, der prisen vart delt ut under hagefesten.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113463](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/lmJnqr918wc.jpg)


0 kommentarer