Kronprinsparet er tilbake på Rikshospitalet

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Kronprinsparet er tilbake på Rikshospitalet etter å ha vore ein tur heime på Skaugum.

Dei drog frå Skaugum rundt klokka 19.20. Då hadde kronprinsfamilien samla seg på Skaugum etter eit fleire timar langt besøk på sjukehuset.

Litt før klokka 19.40 var kronprinsparet tilbake på Rikshospitalet igjen. Dronning Sonja drog frå sjukehuset litt før dette etter å ha vore der i over ti timar.

Kong Harald er innlagd på sjukehuset, og torsdag morgon kom meldinga om at tilstanden hans er alvorleg og forverra.

Kongefamilien samla seg på sjukehuset utover morgonen og tidleg ettermiddag. Like før klokka 17 kom meldinga om at situasjonen framleis er den same, og at tilstanden til kongen stadig er svært alvorleg.

(©NPK)