Kronprinsparet kom køyrande tilbake til Rikshospitalet ved 19.40-tida torsdag kveld. Berre eit kvarters tid i førevegen hadde dronning Sonja forlate sjukehuset etter å ha vore der i ti timar.
Etter at kongehuset sende ut melding om at helsetilstanden til kongen var forverra til svært alvorleg ved 9-tida torsdag formiddag, kom heile familien til kongen til Rikshospitalet i tur og orden.
Etter å ha vore der i mange timar forlét så kronprinsparet, prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus Rikshospitalet i 16-tida. Få minutt tidlegare hadde også Marius Borg Høiby reist, medan prinsesse Astrid, storesøstera til kongen, drog ved 14.30-tida.
Dronning Sonja, prinsesse Märtha Louise og familien hennar vart i samband med dette ikkje observert på veg ut av sjukehuset, men ved 19.25-tida forlét dronninga staden.
Framleis svært alvorleg
Uroa over situasjonen til kongen viste seg også andre stader enn ved Rikshospitalet. Mange menneske samla seg framfor Slottet der det vart lagt ned blomstrar, teikningar og lys gjennom dagen. Mange gret.
Omtrent klokka 17 kom det ein ny oppdatering frå kongehuset. Men ho inneheldt ikkje nokon bodskap om betring for tilstanden til kongen.
– Kongens helsetilstand er uendra, lydde meldinga.
Likevel er alt planlagt program for kronprinsen og dronninga avlyst i tida framover.
Prinsesse Märtha Louises dotter Leah Behn kom ved 13.30-tida. Märtha Louise sjølv er også på sjukehuset, der ektemannen hennar Durek Verrett nyleg har fått ein nyretransplantasjon.
– Eit heilt folk vaker over kongen sin
Stortingspresident Masud Gharahkhani (Ap) landa på Oslo lufthamn Gardermoen klokka 15.36, etter å ha reist heim tidlegare enn planlagt frå eit besøk på Island som stemmer over EU-medlemskap i helga. Stortingspresidenten speler ei viktig rolle i dei formelle prosessane rundt kongefamilien.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) skulle eigentleg ha reist til Tyskland torsdag kveld, men kansellerte besøket hos den tyske forbundskanslaren etter meldinga om at helsesituasjonen til kongen hadde forverra seg. Til NTB sa statsministeren at han er trygg på at kongen blir godt vareteken på Rikshospitalet.
– Eg trur vi kan seie at eit heilt folk vaker for kongen sin og følgjer veldig nøye med, sa Støre til NRK.
– Dette er ein spesiell augneblink i historia vår, og det gjer djupt inntrykk, sa han vidare.
utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget avbraut besøket sitt til Sør-Korea og sette kursen torsdag tilbake til Noreg. Dei fleste partileiarane sit i denne komiteen, blant dei Frp-leiar Sylvi Listhaug. Ho seier til NTB at tilstanden til kongen gjer sterkt inntrykk på henne.
Kongehusekspertane er bekymra
Kongehusekspert Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen påpeikar at det kongelege hoffet generelt sett er ganske avbalansert i ordbruken i presseoppdateringane sine.
– Når dei bruker såpass sterke ord, må vi ta dei for det dei betyr, seier Schulsrud-Hansen til NTB.
Se og Hørs kongehusekspert Caroline Vagle la torsdag vekt på kor personleg situasjonen er for kongefamilien.
– For Sonja er dette ektemannen, for Haakon og Märtha Louise er det far deira, og for barnebarna er det bestefar. Når familien no samlar seg rundt han, blir det tydeleg kor alvorleg og menneskeleg denne situasjonen er, seier Vagle.
Sveriges kongehus seier til VG at dei har tett kontakt med Slottet.
Innlagt 17. august
Kong Harald vart lagd inn på Rikshospitalet 17. august. Han hadde fått kortisonbehandling for hemolytisk anemi, ein tilstand som førte til væskesamling som måtte behandlast på sjukehus. Hemolytisk anemi er ein tilstand der dei raude blodlekamane har kortare levetid enn normalt. Dette kan føre til låg blodprosent, altså anemi.
Kongens helsetilstand forverra seg i løpet av helga. No har altså tilstanden forverra seg ytterlegare.
Den norske kyrkjas biskopar, som er på studietur i Roma og møtte pave Leo onsdag, avbraut reisa si og returnerte heim til Noreg torsdag ettermiddag. Den norske kyrkja har ei svært viktig rolle i gjennomføringa av gravferda når ein konge døyr.
– Eg trur vi opplevde det same som alle andre. At dette er ei alvorleg sak som berører oss alle, seier preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, til Vårt Land på Gardermoen.
Skulle på fylkestur
Kongeparet manglar fire kommunar før dei har besøkt alle 357 i landet. Same dag som kongen vart innlagd, opplyste Slottet om at kongeparet skulle på besøk til Siljan og Nissedal kommune i Telemark i oktober.
I september skulle kongeparet på fylkestur til Trøndelag for å besøkje dei siste to kommunane dei mangla der. Dette besøket har vorte avlyst.
Så seint som i februar var kongen innlagd på sjukehus på Tenerife, der han vart behandla for ein infeksjon og dehydrering. Han var innlagd i to dagar før han vart skrive ut og kunne halde fram ferien på den spanske ferieøya.
Også under eit opphald i Malaysia i 2024 vart han sjukehusinnlagd med ein infeksjon, og han fekk i etterkant operert inn pacemaker.
Kong Haralds far kong Olav døydde 17. januar 1991 på Kongsseteren etter å ha vorte ramma av eit hjarteinfarkt. Han var då 87 år gammal. Det førte til landesorg, og eit hav av lys og blomstrar dekt Slottsplassen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #113493](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/TFA-Js-V2Lo.jpg)



0 kommentarer