Prisen blir tildelt av Det litterære rådet i Den norske Forfatterforening kvart år, og går til ein «særegen stemme i den norske samtidslitteraturen», skriv forlaget i ein pressemelding.
I år går ho til forfattar Vidar Sundstøl. Han debuterte med romanen Kommandolinjer i 2005, og fekk gjennombrotet sitt med Minnesotatriologien som kom ut mellom 2008 og 2011. Triologien blir rekna som eit hovudverk innan norsk krim, skriv forlaget.
– Eg unner alle som ikkje har gjort det, å oppdage Vidar Sundstøls forfattarskap, seier sjefredaktør Dan Andersen i Bonnier Norsk Forlag.
Prisvinnaren får 100.000 kroner av forlaget.
– Berikar den norske, litterære floraen
Juryen skriv i grunngivinga si at Sundstøl gjennom fleire år har levert jamt, og begeistra lesarane sine med «knappe, presise og samtidig varierte fortellinger».
– Romanane hans berikar den norske, litterære floraen. Med den omfattande tematikken sin, med sin tydelege og eigenarta litterære stil, verkar Sundstøl som ein svært fortent vinnar av Bonniers litteraturpris 2026, held juryen fram.
Sundstøl fekk Rivertonprisen for boka Drømmenes land, ein del av Minnesotatriologien, i 2009.
Litterært vegskilje
I 2019 tok Sundstøl farvel med krimsjangeren, og har sidan gitt ut ei rekke kritikarroste romanar. Dei tre romanane Nattsang frå 2023, Dag frå natt frå 2024 og Og likevel finst du frå 2025 er høgdepunkt i forfattarskapen og krinsar rundt tema som tid, sakn og naturtap, ifølgje forlaget.
– Om ein ser på bibliografien hans blir det tydeleg at han for ein del år sidan stod ved eit vegskilje, og tok eit tydeleg val på sin eigen litteraturs vegner. Det står det respekt av. Prisvinnaren i år er eit strålande døme på at gode forfattarar aldri sluttar å utvikle seg, seier Andersen.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108987](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/h8Q2AwWuIrk.jpg)



0 kommentarer