Ebolautbrotet har spreidd seg til ny provins i Kongo

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Ebolautbrotet i Kongo har spreidd seg til ein sjette provins, ifølgje generalsekretær Jean Kaseya i folkehelseinstituttet Africa CDC.

Helsestyresmaktene i Kongo har påvist eit eboladødsfall i ein provins som tidlegare ikkje har vore ramma av utbrotet. Det opplyser ein tenestemann til nyheitsbyrået Reuters. Ifølgje helsestyresmaktene er det snakk om ein motorsykkeltaxisjåfør som reiste til provinsen Bas-Uele frå provinsen Haut-Uele.

Dei fryktar for vidare smittespreiing etter at pasienten hadde kontakt med fleire personar både før og etter sin død.

Ebolautbrotet vart erklært i midten av mai, men ifølgje Verdshelseorganisasjonen (WHO) starta det truleg allereie i februar. Smitten spreier seg i eit område som i fleire år har vore prega av brutal krig og mange fordrivne.

Virusvarianten – bundibugyo – er meir sjeldan enn varianten som tidlegare har ført til store epidemiar i mellom anna Vest-Afrika. Det finst verken godkjende vaksinar eller behandlingar mot denne varianten.

Så langt er 4566 menneske stadfesta smitta i Kongo, og av desse har 2128 døydd av sjukdommen, ifølgje Reuters.

(©NPK)