Ebolautbrotet: Helsearbeidarar protesterer mot manglande lønn

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB-AP): Medan ebolautbrotet herjar, seier helsearbeidarar i Kongo at dei ikkje har fått lønn sidan mai. Fleire har no lagt ned arbeidet.

Fleire titals helsearbeidarar protesterer utanfor kontoret til guvernøren i Bunia, hovudstaden i Ituri-provinsen, som står for nesten 90 prosent av ebolatilfella i landet.

Helsearbeidarane, blant dei sjukepleiarar som gir kritisk pleie til ebolapasientar, seier dei ikkje har fått lønn og bonusar for arbeidet sitt sidan utbrotet vart erklært i midten av mai. Fleire har valt å ikkje komme på jobb.

– Med denne måten å handtere ting på vil ikkje ebolautbrotet ta slutt i denne provinsen. Vi ber styresmaktene engasjere seg på alle nivå slik at det raskt blir funne ei løysing, seier Edouige Makosi, ein av demonstrantane.

Styresmaktene har tidlegare meint at dei forseinka utbetalingane kjem av logistikkproblem. Dei har førebels ikkje svart på nyheitsbyrået APs førespurnad om ein kommentar.

Dårlege arbeidsforhold for førstelinjearbeidarane har vore ei sentral bekymring under utbrotet. Mange helsearbeidarar og helseinstitusjonar har også vorte angripne av opprørarar og sinte folkemengder.

Under besøket sitt i Kongo onsdag oppmoda WHO-sjef Tedros Adhanom Ghebreyesus styresmaktene til å prioritere omsorg og støtte for innsatspersonellet.

Torsdag er 3973 stadfesta smitta av viruset i Kongo, og 1801 menneske har døydd.

(©NPK)