Føderal påtalemakt om bombedronen i Tyskland: – Alvorleg angrep

av | 6. august 2026 | 0 kommentarer

(DPA-Reuters-NTB-NPK) Dronen som vart oppdaga på ein tysk flyplass denne veka, var utstyrt med «profesjonelt sprengstoff og ein detonator», stadfestar påtalemakta.

Det er bevis som peikar mot at dronen som vart funnen på Leipzig/Halle-flyplassen tysdag kveld, skulle forårsake ein eksplosjon, opplyser føderal påtalemakt i ei fråsegn torsdag kveld.

Påtalemakta i Karlsruhe seier samtidig at ho har overteke etterforskinga frå lokal påtalemakt i byen Dresden.

Tyske medium har skrive at dronen var lasta med sprengstoff og at han vart funnen ved sida av eit ukrainsk transportfly lasta med ammunisjon.

Bombeekspertane til det føderale politiet uskadeleggjorde bomba.

– Dette utgjer eit alvorleg angrep på transport- og logistikkinfrastrukturen i Tyskland, seier den føderale påtalemakta i ei fråsegn torsdag kveld.

Dronen utgjorde ein trussel mot Tysklands ytre og indre tryggleik, heiter det vidare.

Tysklands innanriksminister Alexander Dobrindt sa onsdag kveld at hendinga var ein ny type trussel som han beskreiv som eit «hybrid angrepsscenario».

(©NPK)