Kornhausten løfta av kjempegode avlingar for kveite og havre

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): God kornsesong er i vente for norske bønder. Avlingane blir særleg gode for kveite og havre, og totalproduksjonen ligg an til å ende på 13 prosent over snittet dei siste fem åra.

Kveiteproduksjonen aukar med 22 prosent frå i fjor, medan havre aukar med 21 prosent, ifølgje prognosen frå Felleskjøpet Agri marknadsregulering.

– Det overordna biletet er positivt. Vi ser god tilgang på norsk korn, og særleg utviklinga i kveite er gledeleg. Samtidig er det framleis store forskjellar mellom kornartar, og det er viktig å halde fast ved behovet for meir kveite i norsk kornproduksjon, seier seniorrådgivar Astrid Een Thuen.

Det er særleg dei viktigaste kornområda på Austlandet som har hatt ein fin sesong, medan det har vore meir utfordrande i Trøndelag, skriv Nationen.

Samla blir kornhausten ifølgje anslaget 6 prosent over produksjonen i fjor og 13 prosent over femårssnittet.

Tilgangen på bygg er litt lågare enn i fjor, men framleis høg på 660.000 tonn, skriv Agri. Produksjonen av erter og åkerbønner aukar òg, noko som reduserer behovet for import.

Thuen understrekar at det står att mykje korn på jorda og at det er viktig å ikkje juble for tidleg. Ver og innhaustingsforhold vil påverke det endelege resultatet, påpeikar ho.

(©NPK)