Rekordsterk sjømateksport i juli

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Juli i år vart den beste julimånaden i historia for norsk sjømateksport, målt i verdi. Det vart også notert rekordprisar for klippfisk av torsk og frosen sild.

Det opplyser Noregs sjømatråd i ei pressemelding.

– Trass i skiftande handelspolitiske rammer, kvotekutt og valutaeffektar vart juli i år den beste julimånaden i historia for norsk sjømateksport, målt i verdi, seier administrerande direktør i Noregs sjømatråd, Christian Chramer.

I tillegg til prisoppgang for laks, torsk, makrell og aure var det rekordprisar på klippfisk av torsk og frosen sild.

Fotball-VM bidreg

Noreg eksporterte sjømat for 15,6 milliardar kroner i juli. Det er ein auke på 1,8 milliardar kroner, eller 13 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

– Ei sterkare norsk krone har lagt ein dempar på verdiveksten, men den kraftige veksten for laks overskyggjer denne effekten og sørgjer for at eksportverdien samla sett aukar, seier Chramer.

– I tillegg bidreg den internasjonale merksemda rundt Noreg i samband med fotball-VM til å halde interessa oppe i fleire viktige marknader, seier han.

Lakserekord i Kina, tollbrems i USA

Polen, Kina og USA var dei største marknadene for norsk sjømateksport i juli, med størst verdivekst i Polen. Der auka eksportverdien med 343 millionar kroner, eller 20 prosent, samanlikna med same månad i fjor.

Noreg har aldri eksportert meir laks til Kina i ein enkeltmånad enn i juli. Eksporten auka med 27 prosent i volum til 12.464 tonn, med ein verdi på 1 milliard kroner. Laks stod for 65 prosent av den totale sjømateksporten til Kina.

I USA fall eksportverdien samla med 4 prosent, men marknaden beheldt pallplassen som Noregs tredje største eksportmarknad for sjømat. For laks isolert har USA derimot falle frå andre- til femteplass på lista over Noregs største laksemarknader. Sjømatrådet knyter nedgangen til innført toll på norsk sjømat.

Milepæl

For fersk torsk var det også eit historisk skifte i juli. For første gong nokosinne stod oppdrettstorsk for over to tredelar (69 prosent) av eksportverdien.

Eksportvolumet for oppdrettstorsk auka med 96 prosent til 1514 tonn, medan fersk villtorsk fall med 47 prosent til 674 tonn.

(©NPK)