Framstegspartiet held fram fram på ny måling

av | 5. august 2026 | 0 kommentarer

(NTB-NPK) Framstegspartiet er det klart største partiet i landet, medan Arbeidarpartiet aukar mest.

Det viser ei ny meiningsmåling frå Nettavisen som er gjennomført av InFact.

Framstegspartiet (Frp) får ei oppslutning på 32 prosent. Det er ein framgang på 0,5 prosentpoeng frå førre Nettavisen-måling.

Det er dermed det største partiet i landet, framfor Arbeidarpartiet på 24,5 prosent. Ap går fram med 2,9 prosentpoeng, noko som er den største endringa blant partia.

Høgre får tredje størst oppslutning, men fell 0,9 prosentpoeng til 13,4 prosent.

– Listhaug hadde nok vorte statsminister med denne målinga, sidan Frp er over dobbelt så stort som Høgre, seier valforskar Jonas Stein ved Universitetet i Tromsø til avisa. Han kallar Frp uvanleg sterkt.

Målinga viser eit klart borgarleg fleirtal med 92 mandat mot dei raudgrønes 77. Frp-leiar Sylvi Listhaug kallar målinga god.

I målinga er 1132 personar spurde, og feilmarginen er mellom 1 og 3,1 prosent. Målinga i sin heilskap ser slik ut, med endring frå siste måling i parentes: R: 7,8 (+1,3), SV: 3,4 (-1,7), Ap: 24,5 (+2,9), Sp: 5 (+0,4), MDG: 4,3 (-1), KrF: 4,5 (+0,5), V: 2,7 (-2,4), H: 13,4 (-0,9), Frp: 32 (+0,5), Andre: 2,4.

(©NPK)

0 kommentarer

Send inn en kommentar