Møtet finn stad klokka 12, opplyser Tuva Moflag (Ap), leiar av finanskomiteen, til NTB. Ho omtaler møtet som ei oppfølging av semja i revidert nasjonalbudsjett.
– Eg ser fram til å møte dei andre avtalepartnarane for å følgje opp dette punktet slik vi er samde om, skriv ho.
I vår braut Senterpartiet (Sp) med dei raudgrøne og gjekk saman med Høgre, Framstegspartiet (Frp) og Kristeleg Folkeparti (KrF) for å kutte drivstoffavgiftene. For seks veker sidan inngjekk Sp derimot ein budsjettavtale med Arbeidarpartiet (Ap), Sosialistisk Venstreparti (SV), Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) der avgiftene etter planen skal auke igjen frå 1. september.
Ifølgje Nettavisen har Sp kalla inn raudgrøn side til hastemøte for å forlengje avgiftskutta på drivstoff. Fører ikkje samtalane fram, opnar partiet for å sikre fleirtal med høgresida.
Tidlegare tysdag gjekk Framstegspartiet-leiar Sylvi Listhaug ut og kravde ei forlenging av avgiftskutta. Ho åtvara om bensin- og dieselprisar på rundt 30 kroner literen om det ikkje blir teke grep.
– Det er heilt uakseptabelt. Vi vil ta initiativ til at kutta forlengjast og forsterkast ut året, sa ho til VG.
KrF har uttrykt at dei ønskjer å føre vidare kutta, medan Høgre er meir avventande. Finanspolitisk talsperson for partiet utelukka likevel ikkje å forlengje avgiftskutta.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #106135](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/OuEgUXeUsYs.jpg)



0 kommentarer