Arrangement landet over blir avlyste på grunn av helsetilstanden til kongen

av | 27. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Arrangement over heile landet har vorte avlyste eller utsette på grunn av den alvorlege helsetilstanden til kong Harald.

Torsdag morgon opplyste Slottet at kongen er alvorleg sjuk, og utpå ettermiddagen vart det stadfesta at situasjonen framleis er alvorleg.

Utover dagen har folk samla seg på slottsplassen og lagt ned blomstrar. Situasjonen har fått mange til å avlysa planlagde arrangement.

– På grunn av helsesituasjonen til Hans Majestet Kongen har vi valt å avlysa paraden og Regnbuetorget laurdag 29. august, skriv Skeive Sørlandsdager på nettsida si.

Paraden skulle gå i Kristiansand sentrum. Same staden er ein matfestival avlyst.

Jubileumskonserten til dansebandet Ingemars på Kongsvinger laurdag blir heller ikkje gjennomført, og det same gjeld eit humorshow med fleire kjende namn på Lillehammer same dag.

I Steinkjer er eit folkemøte om ny E6 avlyst, og Kongens Garde gjennomfører ikkje eit planlagt flaumlysshow på Huseby leir i Oslo.

Lenger sør har Lindesnes Industri- og Næringsforening avlyst sommarfesten sin, der mellom anna lokalpolitikarar skulle debattera.

Sommarfesten til Aschehoug på vestkanten i Oslo går som planlagt torsdag.

(©NPK)