Meklinga har frist ved midnatt og går føre seg hjå Riksmeklaren måndag mellom Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund og NHO Mat og drikke.
Dei opphavlege forhandlingane i mai enda med brot, fordi avstanden var for stor på fleire viktige punkt.
Forbundet har teke ut 238 medlemmer i streik frå tysdag morgon. Ved ei opptrapping kan totalt 577 medlemmer leggje ned arbeidet.
Talet kan verke lite, men rammar viktige ledd i matforsyningskjeda:
Felleskjøpet Agri er Noregs største leverandør av kraftfôr til husdyr, og fem avdelingar blir ramma i det første streikeuttaket. Ein streik som dreg ut i tid, kan mellom anna gi mangel på fôr til storfe, gris, fjørfe og andre husdyr.
Også Norgesmøllene er blant bedriftene som blir ramma, og ein langvarig konflikt kan gi redusert tilgang til mjøl i butikkar, og dessutan leveringsproblem til ei rekke bakeri.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109776](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/cNC2pMzL6Zw.jpg)


0 kommentarer