(NPK-NTB): To norske skogbrannhelikopter letta måndag formiddag frå Geiteryggen ved Skien med kurs for Belgia. Belgiske styresmakter har takka ja til tilbodet frå Noreg om bistand.
– Vi er glade for at Noreg kan bidra når Belgia har behov for ekstra ressursar, seier DSB-direktør Lars Jacob Hiim i ei pressemelding.
Dei to helikoptera av typen Airbus H125 inngår i den norske skogbrannberedskapen som DSB forvaltar. Flytida er berekna til om lag seks timar.
Med helikoptera følgjer også ein skogbrannekspert frå Grenland brann og redning. Bistanden blir koordinert gjennom EUs ordning for sivil beredskap (UCPM), der Noreg deltek på lik linje med medlemslanda i EU.
(©NPK)




0 kommentarer