Leah Behn blant «Skal vi danse»-deltakarane

av | 17. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Leah Behn, Sandra Lyng og Alessandra Mele er blant dei 13 deltakarane som skal svinge seg på parketten når «Skal vi danse» har premiere 26. september på TV 2.

– Fjorårssesongen av «Skal vi danse» vart ein formidabel suksess, noko som viser kor sterkt dette programmet står hos det norske folket, seier programredaktør Trygve Rønningen i TV 2 i ein pressemelding.

Resten av deltakarane er Kim Wigaard, Katelyn Garbin, Maria Stavang, Espen PA Lervaag, Victoria Nadine, Alexander Bonsaksen, Tim Kristian, Henriette Lien, Sondre Sundby og Sebastian Solberg.

Programmet blir leidd av Helene Olafsen og Anders Hoff, og dommarpanelet består av Cengiz Al, Jan Thomas, Nadya Khamitskaya og Merete Mørk Lingjærde.

Finalen er sett til laurdag 12. desember.

(©NPK)