(NPK-NTB): Kong Harald og dronning Sonja skal besøkje Siljan og Nissedal i slutten av oktober. Dermed vil dei ha vore på offisielle besøk til alle kommunane i Noreg.
– Vi ser veldig fram til å ta imot kongeparet i Telemark. Dette er eit flott høve til å vise fram to kommunar med sterke lokalsamfunn, eit aktivt frivillig liv og eit engasjert nærings- og kulturliv, seier statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Trond Rønningen, i ei pressemelding.
Kommunebesøka har vore ein viktig del av arbeidet til kongeparet og har gitt dei høve til å bli betre kjent med både store og små lokalsamfunn i heile Noreg.
Med besøka til Siljan og Nissedal vil alle kommunane i landet ha fått offisielt besøk av anten kong Harald, dronning Sonja eller kongeparet saman.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #109743](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/t6OxuKhgQso.jpg)



0 kommentarer