Parat (YS), Handel og Kontor (LO) og NHO Luftfart har gjennom natta mekla på overtid. Seks timar etter at fristen gjekk ut ved midnatt, gjekk framleis forhandlingane føre seg.
Dersom det ikkje blir ei semje, blir det streik frå torsdag morgon – noko som raskt vil merkast i avviklinga av flytrafikken.
Nesten 2000 kan bli tekne ut i streik
Parat og Handel og Kontor har i første omgang teke ut 287 medlemmer, men nesten 2000 tilsette ved norske lufthamner kan i verste fall bli tekne ut i streik.
Ein streik kan ramme mellom anna innsjekk, boarding, bagasjehandtering, kundeservice, catering, reingjering og påfyll av drivstoff, og vil dermed få konsekvensar for flyselskap som SAS, Norwegian og Widerøe.
Auka kjøpekraft og føreseielegheit
I forhandlingane mellom Handel og Kontor og NHO Luftfart handlar usemja om oppgjeret samla sett. Heilt sentralt er lønn, tillegg for ukomfortabel arbeidstid, verdsetjing av kompetanse og behov for å jamne ut lønnsforskjellar.
Då det vart brot i dei direkte forhandlingane, opplyste Parat at dei hadde mål om auka kjøpekraft og føreseielegheit i arbeidskvardagen for medlemmene, men konstaterte at avstanden var for stor til å nå ei heilskapleg løysing ved forhandlingsbordet. Dermed gjekk saka vidare til bordet til Riksmeklaren.
Fleire flyplassar blir ramma
Handel og Kontor har teke ut 186 medlemmer ved bakketenestene på flyplassane i Tromsø og på Gardermoen og dessutan ved Widerøes bakketenester i Florø, Ørsta/Volda, Skonseng (Mo lufthamn) og på Torp i Sandefjord.
Parat har teke ut 101 medlemmer i sitt første streikeuttak. Dei opplyser at også flyplassane i Bergen og Bodø kan bli ramma, i tillegg til dei allereie nemnde.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108725](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/XsXhVPbDMIs-2.jpg)


0 kommentarer