(NPK-NTB-Reuters): Talet på døde etter jordskjelvet i Colombia måndag er oppe i 256, seier president Abelardo de la Espriella. 496 er framleis sakna.
– Innsatsen vår er konsentrert om dei som er sakna, seier de la Espriella i ei oppdatering til media onsdag ettermiddag.
Fleire byar vest i landet vart ramma av skjelvet, som hadde ein styrke på 7,4. På eit tidspunkt var det anslått at så mange som 3800 kunne vere sakna, men presidenten oppgir altså eit mykje lågare tal.
Det er erklært tre dagars landesorg i det søramerikanske landet, og onsdag erklærte presidenten også ei økonomisk krise i kjølvatnet av skjelvet.
(©NPK)

![[Aggregator] Downloaded image for imported item #108647](https://rapport24.no/wp-content/uploads/2026/08/h6tRNgkDR4E.jpg)



0 kommentarer