Ønskjer å byggje privat krematorium – saksøkjer staten

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Private aktørar ønskjer å drive krematorium i Noreg, men får blankt nei av staten. No hamnar striden i retten.

Fleire private aktørar har lenge ønskt å starte opp med kremasjon i Noreg, men får avslag. Departementet har avslått totalt ti søknader, skriv fagmediet Grav24.

– Det er i strid med gravplasslova å tillate private leverandørar av krematorietenester her i landet, fastslo Barne- og familiedepartementet i eit vedtak i juni 2025, skriv Vårt Land.

Ein av dei private aktørane som har søkt, er Sjond AS. Dei har no lagt saka fram for domstolane for å få prøvd om avgjerda til forvaltninga står seg juridisk. Saka kjem opp for Vestfold tingrett 18. og 19. august.

I fjor vart 53,4 prosent av alle døde kremerte, og det er venta ein stor auke i både talet på dødsfall og kremasjonar i Noreg fram mot 2050.

Heller ikkje i dei andre nordiske landa blir det opna for private, kommersielle aktørar, medan biletet er annleis i store delar av Europa. I Tyskland, Storbritannia og Nederland er det vanleg med privat drift.

(©NPK)