EU gir norsk aldersgrense i sosiale medium tommel opp

av | 13. august 2026 | 0 kommentarer

(NPK-NTB): Regjeringa vil innføre aldersgrense på 15 år for bruk av sosiale medium. ESA og EU-kommisjonen aksepterer det, så lenge det ikkje inneber forpliktingar for leverandørane.

Regjeringa vil innføre ei aldersgrense for bruk av sosiale medium frå 1. januar det året ein fyller 16 år. Det betyr at heile skuletrinn får tilgang samtidig, og elevane vil vere 15 år når dei får tilgang.

I det opphavlege lovutkastet frå i fjor var det fastsett at selskap som tilbyr sosiale medium, skulle kunne påleggjast gebyr dersom dei ikkje etablerer ein eller annan mekanisme for aldersverifisering av brukarar med IP-adresse i Noreg. Det kravet vart fjerna. Lovutkastet inneber no i staden ei tilråding, utan norske sanksjonsmoglegheiter.

Enno uklart

Ifølgje tilbakemeldingane frå Eftas overvakingsorgan Esa og EU-kommisjonen er verken e-handelsdirektivet eller forordninga om digitale tenester (DSA) til hinder for den norske lova, så lenge lova ikkje legg plikter på tilbydarar av sosiale medium. I Esas svar blir det påpeika at det er uklart om reglane i lovutkastet inneber slike forpliktingar som gjeld for leverandørar utanfor Noreg.

EU-kommisjonen understrekar at alle tolkingar av det norske regelverket som at det set faste krav til leverandørane, vil vere i strid med EU- og EØS-regelverk.

Ei nasjonal aldersgrense skal handhevast gjennom DSA. Det føreset at tilbydarane via DSA får ansvar for å verifisere alderen på brukarane.

Fornøgd med svara

– Eg er glad for at EU-kommisjonen er positive til Noregs arbeid med ei aldersgrense i sosiale medium. Tilbakemeldingane viser at vi kan gå vidare med lovforslaget om ei nasjonal aldersgrense, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) i ei pressemelding.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei ny lov om sosiale medium for Stortinget innan året er omme.

EU-kommisjonen skriv i svaret sitt at dei forstår Noregs ønske om å innføre tiltaka, men minner om at EU også jobbar med reglar som kan gjere at den norske lova er overflødig.

– I denne samanhengen kan nasjonal lovgiving gi ei overgangsløysing, men ein bør også vurdere ein mekanisme for å trekkje tilbake eller oppheva nasjonale tiltak dersom EU-reglar på feltet blir vedtekne og blir gjeldande i samsvar med EØS-avtalen, skriv kommisjonen.

(©NPK)